Familieliv på fyr

Kunstneren Janne Robberstad fra Bømlo har laget en kunstutstilling med utgangspunkt i arkivbilder fra gamle fyr. I hovedsak fra Hatholmen ved Mandal, Bremstein fyr i Nordland, og fyret på Lindesnes. Hun har brukt en kolageteknikk hvor de gamle fotoene legges lagvis sammen med dokumenter, farge, tapeter og nyere foto.

«Eg har latt meg inspirere av fyrlivet og satt farger på draumen om dei gode gamle dagar, kvardag og fest, oppvekst og familieliv på fyr langs kysten»

Hun har tatt utgangspunkt i hele familiens daglige gjøremål med livet på fyret, men har spesielt trukket frem fyrmødrene og barna.

                (kilde: Fedrelandsvennen ved artikkelforfatter Roar Greipsland)

Det var ikkje berre fyrvoktaren som budde på fyret. Han hadde med seg kone og born, heile familiar levde året rundt på fleire fyr langs kysten. Og det er desse ofte usynlege støttespelarane kunstnaren vil setja fokus på. Gjennom å bokstavleg talt fargeleggja gamle falma foto, gjennom fritt å tolka historien. Den verharde, einsame og tøffe kvardagen; og den fredfulle, solrike og fantastiske kvardagen. Alle desse dagane. Konene var ofte like hardtarbeidande som mannen med å halda fyret i gong. I tillegg skulle dei laga hus og heim og ei heil lita verd på få kvadratmeter, der ein kort sagt måtte vera sjølvhjulpen… Ein hadde ikkje all verda å rutta med, så ein måtte vera kreativ i matauken. Måse til middags, tang i brøddeigen… Og barna, korleis var oppveksten deiras? Berre eventuelle eigne søsken som leikekameratar, med heimeskule og leikeplass på svaberga. Eg har leika meg med tankar om korleis ein bruker tida, når ein har så få distraksjonar (i motsetnad til i dag), kva leikte barna med? Kva uroa mødrne seg over? Korleis klarar ein seg, både praktisk og mentalt, når ein lever så pass isolert over lange periodar? Kva farer lurte? Og kva gleder? Ein skal ha eit sterkt hjarta for å tåla store tap og stor kjærleik.

Janne Robberstad

Utstillingen står fra 25. september til 24. november.